Brytningstid: Omstilling og innovasjonsleing
Gjennom eit eige masterstudium på NHH får du kunnskap og verktøy til å bli ei visjonær og skapande kraft i omstilling og innovasjon på Vestlandet.
Vestlandet er inne i ei brytningstid med stort behov og rom for omstilling. Dette krev kapasitet til endring, dristigheit og mot hos eigarar, leiarar og medarbeidarar. Etablerte verksemder i næringsliv og offentleg sektor må utfordre seg sjølve og begynne å bruke nye modellar og metodar for verdiskaping og vekst. Samtidig er det viktig å auke frekvensen av nyetableringar, og å etablere fagleg motiverte nettverk på tvers av næringar og sektorar.
Målet til studiet Brytningstid er å tilføre omstillings- og innovasjonskompetanse til leiarar og andre med nøkkelroller i vestlandsfylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Slik stimulerer, støttar og inspirerer vi til nyskaping og vekst i næringsliv og offentleg verksemd i regionen. Gjennom studiet tek ein aktiv del i omstillinga på Vestlandet, og studenten lærer av og saman med dei andre som tek del, og av verksemdene dei styrer.
Studiet skal sette deltakarane i stand til å handtere omstillingsutfordringar i ei turbulent tid, og i møte med grøn omstilling. Studiet utforskar sentrale utviklingstrekk og drivkrefter som er med å fremje endring innan teknologi, kunde/ brukaratferd- og preferansar, digitalisering, samt nye og berekraftige forretningsmodellar. I tillegg kjem makrovilkår som FNs mål for berekraft, globalisering og økonomiske sjokk.
Fakta
• Et studium på masternivå som skal tilføre Vestlandet omstillings- og innovasjonskompetanse.
• For leiarar og nøkkelpersonar i bedrifter og offentlege verksemder med omstillings- og innovasjonsbehov i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.
• Brytningstid blir delfinansiert av Agenda Vestlandet.
Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?
Ta kontakt med Dagleg leiar Tonje Marie Schreiner.
Agenda vestlandet
Våre initiativ
Vestlandsmeldinga
Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte
Vestlandsindeksen
Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet
Vestlandskonferansen
Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia