![](https://edge.sitecorecloud.io/sparebanken6a2b-spvno-production-d324/media/Agenda-Vestlandet/Diverse-bilder/collage-ag-topp-vestlandet.jpg?h=1440&iar=0&w=3360)
Brytningstid: Omstilling og innovasjonsleing
Gjennom eit eige masterstudium på NHH får du kunnskap og verktøy til å bli ei visjonær og skapande kraft i omstilling og innovasjon på Vestlandet.
Vestlandet er inne i ei brytningstid med stort behov og rom for omstilling. Dette krev kapasitet til endring, dristigheit og mot hos eigarar, leiarar og medarbeidarar. Etablerte verksemder i næringsliv og offentleg sektor må utfordre seg sjølve og begynne å bruke nye modellar og metodar for verdiskaping og vekst. Samtidig er det viktig å auke frekvensen av nyetableringar, og å etablere fagleg motiverte nettverk på tvers av næringar og sektorar.
Målet til studiet Brytningstid er å tilføre omstillings- og innovasjonskompetanse til leiarar og andre med nøkkelroller i vestlandsfylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Slik stimulerer, støttar og inspirerer vi til nyskaping og vekst i næringsliv og offentleg verksemd i regionen. Gjennom studiet tek ein aktiv del i omstillinga på Vestlandet, og studenten lærer av og saman med dei andre som tek del, og av verksemdene dei styrer.
Studiet skal sette deltakarane i stand til å handtere omstillingsutfordringar i ei turbulent tid, og i møte med grøn omstilling. Studiet utforskar sentrale utviklingstrekk og drivkrefter som er med å fremje endring innan teknologi, kunde/ brukaratferd- og preferansar, digitalisering, samt nye og berekraftige forretningsmodellar. I tillegg kjem makrovilkår som FNs mål for berekraft, globalisering og økonomiske sjokk.
Fakta
• Et studium på masternivå som skal tilføre Vestlandet omstillings- og innovasjonskompetanse.
• For leiarar og nøkkelpersonar i bedrifter og offentlege verksemder med omstillings- og innovasjonsbehov i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.
• Brytningstid blir delfinansiert av Agenda Vestlandet.
![Tonje Marie Schreiner kopi-500x500](https://edge.sitecorecloud.io/sparebanken6a2b-spvno-production-d324/media/Tonje-Marie-Schreiner-kopi-500x500.jpg?h=500&iar=0&w=500)
Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?
Ta kontakt med Dagleg leiar Tonje Marie Schreiner.
![Frode Nergaard Fjellstad](https://edge.sitecorecloud.io/sparebanken6a2b-spvno-production-d324/media/Agenda-Vestlandet/Portretter/Frode_Nergaard_Fjeldstad_500x500px.jpg?h=500&iar=0&w=500)
Agenda vestlandet
Våre initiativ
Vestlandsmeldinga
Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte
Vestlandsindeksen
Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet
Vestlandskonferansen
Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia