
Handlekraft: Leiartrening for Vestlandet
Vi søkjer 100 leiarar som ønskjer å utvikle seg! Gjennom gratisprogrammet får du innsikt i korleis ein skapar betre samarbeid, praktisk trening i verktøy som gir gjennomslag, og eit nettverk med andre leiarar på Vestlandet.
Leiartreningsprogrammet Handlekraft vart fødd etter Vestlandskonferansen 2023, og var Sparebanken Vest si gåve til vestlendingane i samband med bankens 200-årsjubileum.
No tar vi imot søkjarar til eit nytt kull med handlekraftige leiarar!
Målet er å gje kvar enkelt deltakar fleire verktøy og større nettverk, og samla sett styrke samarbeidet og omstillingskrafta på heile Vestlandet. Å delta i programmet er heilt gratis.
Kva går programmet ut på?
Gjennom fire samlingar i Bergen vil du få ny innsikt i korleis ein skaper betre samarbeid, på tvers av ulike grupper og interesser. Du vil også få praktisk trening i korleis du får gjennomslag for det du brenn for, og du blir med i eit nettverk med andre leiarar på Vestlandet. Les meir om tidlegare samlingar her.

Psykologiprofessor Jay van Bavel meinar vi ofte undervurderar krafta i vårt kollektive eg.
Kurshaldarar
Jay van Bavel er professor i psykologi og nevrovitskap ved New York University, leiar av forskningslaben Social Identity og Morality Lab og ein av forfattarane bak boka «The Power of Us».
Britiske Sarah Cartwright hjelper leiarar i alt frå Microsoft til Goldman Sachs med å utvikle sjølvtillit og innflyting. Ho er også kvinna bak det populære leiarutviklingsprogrammet Women in Tech.
Kven kan søkje?
Du er ein mellomleiar eller leiar på Vestlandet. Du har ei konkret målsetting for korleis du vil bruke leiartreninga til å skape sterkare samarbeid på eit område du brenn for, på jobb eller privat.

Gjennom fleire samlingar blir deltakarane kjend med andre leiarar frå Vestlandet.
Program:
13. mai: Samling m/Jay Van Bavel (heildags)
21. august: Back to work-party på restaurant i Bergen kl. 17.00–19.00
25. september: Samling m/Sarah Cartwright (heildags)
November: Dato vert annonsert seinare.
10. februar 2026: Vestlandskonferansen
Foredrag vil skje på engelsk.
Søknadsfrist: 4. april 2025.
Antall plassar er begrensa. Søknadar vert vurdert fortløpande.

Har du spørsmål om handlekraftprogrammet?
Ta kontakt med prosjektleiar Nicole Boge på epost eller telefon.