Hopp til hovedinnholdet
unge-leiare-1040x466

leiartrening

Unge leiarar

Leiartreningsprogrammet «Unge leiarar» er for framtidas leiarar på Vestlandet. Programmet går over tre år, der 35 deltakarar får høve til å vekse som leiarar.

– Eg valde å bli med i Unge Leiarar fordi det gav meg ein moglegheit til å utvikle meg vidare som leiar, fortel Martine Fosse Sveian.  

 

Ho er hotellsjef på Knutholmen, eit familiehotell ytterst i havgapet på øya Frøya i Nordfjord. Her har ho ansvar for alt frå kundeoppfølging og personale til sal og booking. 

martine-fosse-sveian-2640x1800

Martine Fosse Sveian, Hotellsjef på Knutholmen

– Eg har høyrt frå tidlegare deltakarar at programmet er veldig bra. Det å få kunnskap om konkrete verktøy for å utvikle seg som leiar, og byggje eit verdifullt nettverk er avgjerande for meg. 

 

Martine Fosse Sveian er med i gruppa som starta i 2023 med deltakarar som bur og arbeider i Sogn og Fjordane. 


Vil auke kompetansen 

«Unge leiarar» har som mål å gje kompetanse som vil styrke deltakarane i sitt leiarskap og gje dei eit nettverk av ressurspersonar i regionen.  

 

– Vi legg til rette for at du får utvikle tryggheit og ei auka forståing av leiarrolla. Samlingane vert leia av profesjonelle fasilitatorar og har fagleg tema med leiarar og ressurspersonar frå større verksemder. Dei deler erfaringar frå å vere leiar i ein meir kompleks kontekst, fortel Siren Sundland, styreleiar i Stiftelsen Agenda Vestlandet. 


Deltakararne jobbar som leiarar i dag, eller har eit ønskje om å gjere det i framtida. Dei får praktisk trening i korleis å få gjennomslag for det ein brenn for, og blir med i eit nettverk med andre leiarar. 

Det å få kunnskap om konkrete verktøy for å utvikle seg som leiar, og byggje eit verdifullt nettverk er avgjerande for meg.  

-

Martine Fosse Sveian, Hotellsjef på Knutholmen 

Dette får deltakarane

  • Fagleg påfyll frå ekspertar i leiarfaget
  • Trening på leiarrolla
  • Nettverk med andre leiarar
  • Sosiale- og kulturelle opplevingar
  • Innblikk i politisk og byråkratisk makt og avgjersle
  • Samlingar i både inn- og utland

Praktisk info 


Søknadsfrist og meir informasjon for nye deltakarar kjem hausten 2024. 

 

Unge leiarar har opptil 35 deltakarar i alderen 25-40 år. 


Programmet går over tre år, med to til tre årlege samlingar. Kvar samling vil vare i minst to dagar. Samlingane i utlandet vil ha lengre varigheit.  


Sjølve programmet er gratis, men reise og opphald må deltakaren dekkje sjølv.  


Oversikt over samlingane i 2024


1. samling: 5.-6. februar i Bergen under Vestlandskonferansen 

2. samling: 23.-25. april på Finse 

3. samling: 15.-16. oktober i Oslo 


Dette seier tidlegare deltakarar: 

Frank Robert Klakegg, dagleg leiar Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Unge leiarar er eit av dei beste leiarprogramma eg har vore med på! Kvaliteten på samlingane var veldig høg. Sparebanken Vest var raus med å by på eigen organisasjon og legge til rette for at samlingane hadde god kvalitet. Nettverket vi blei ein del av var heilt unikt og har vore uvurderleg i mange år etter samlingane. Det var mange kompetente folk på tvers av ulike bransjar som deltok, og alle prioriterte å delta på samlingane på grunn av det gode utbyte samlingane gav oss.

Nandor Helgheim, administrerande direktør (CEO) Enivest

Er du så heldig at du er blitt invitert til programmet Unge leiarar – ta i mot plassen. Gjennom programmet fekk eg tilgang til eit fint spekter av fagleg påfyll og kompetanse, samt god erfaringsdeling med andre dyktige leiarar. I tillegg fekk eg utvida mitt nettverk både fagleg og sosialt. Dette har gjeve meg kunnskap som eg har tatt med meg i rolla som leiar for Enivest.

Christina Kvamme, dagleg leiar  i Xform eigedom

Det var eit kjempebra opplegg. Fin balanse av sosialt og fagleg input, og ein god arena til å reflektere over leiarskap.

Women in tech

Har du spørsmål om Unge leiarar?

Ta kontakt med prosjektleder Nicole Boge på epost eller telefon.