Hopp til hovedinnholdet

VESTLANDSINDEKSEN #4 2022 VISER:

Lågaste måling for forventningsindeksen nokon gong

Kurva til forventningsindeksen peikar bratt nedover i den ferske Vestlandsindeksen. Sjølv ikkje då pandemien herja som verst, var bedriftsleiarane på Vestlandet like pessimistiske som dei er no. – No trengs handlekraft, seier konserndirektør Margunn Minne.

Av: 

Marthe S. Berg-Olsen

– Nedgangen treff hardt på heile Vestlandet. Nedgangen treff store bedrifter og små, dei som eksporterer og dei som ikkje gjer det. Det er eit betydeleg fall for alle parametrar – etterspurnaden, investeringar, sysselsetting og lønsemd, seier Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Ho opplever at bedriftene no brettar opp ermane og jobbar for å skaffe seg oversikt. 

– Det viktigaste vestlandsbedriftene kan gjere i krisetid, er å skaffe seg handlingsrom ved å sørge for å ha likviditet. Mitt råd er å ha god dialog med leverandørar og kundar, fakturer så snart du kan, og be om lengre betalingsfristar, seier Minne.

– Vi i banken kan gi gode råd for korleis bedrifta kan betre likviditeten og hjelpe med å få oversikt.

-

Margunn Minne, konserndirektør for bedriftmarknad

Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest

Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest. Foto: Eivind Senneset.

Resultatindeksen på nivå med koronaåret 2020

Resultatindeksen, som viser den økonomiske utviklinga for bedriftene dei siste tre månadene, held fram med å falle. I siste kvartal av 2022 går resultatindeksen ned 4,7 prosentpoeng til 54,4, og han er med det godt under der den brukar å ligge, på 59,8.


Dette, i tillegg til ein historisk låg forventningsindeks på 51,6 poeng, gjer det tydeleg at næringslivet på Vestlandet har ein utfordrande periode framfor seg. 


– Det er forventningane til etterspurnaden og lønsemda som fell aller mest. Dette tyder på at tiltaka som Norges Bank gjer for å motverke inflasjon har effekt, for det er meininga at etterspurnaden skal ned frå det høge nivået vi såg før rentehevingane, seier Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest.

– Spørsmålet er om etterspurnaden fell for mykje, det veit vi ikkje enda.

-

Kjetil Benson, leiar for Markets

Bedriftene i Møre og Romsdal er dei mest pessimistiske 

Bedriftene er meir samde om korleis dei ser på dei neste seks månadene i dette kvartalet enn i førre. Til dømes så viser forventningsindeksen for bedrifter i Møre og Romsdal, som var meir positive i førre kvartal enn resten, eit fall på 12,2 poeng.


– Ei av årsakene kan vere at bedriftene i Møre og Romsdal tidlegare hadde ein fordel av lågare kostnader med straum enn bedrifter i dei andre regionane. Denne forskjellen ser ut til å ha blitt jamna ut i fjerde kvartal, seier Benson.

Rogaland har høgast forventningar til første halvdel av 2023 – her er det olje- og gassnæringa som trekker opp. 

Kjetil Benson

Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest. Foto: Hermann Øberg.

Olje- og gass er eit lyspunkt 

For bedrifter med meir enn halve omsetninga knytt til olje og gass, ligg forventningsindeksen over 60 poeng, noko som er godt over historisk snitt for næringa. Desse bedriftene ventar at aktiviteten vil auke framover.


– Dette er heilt motsett av dei andre næringane, og er sterkt drive av dei høge energiprisane og rekordmange nye utbyggingar som følgje av oljeskattepakka frå 2020. Olje og gass trer fram som den berande bjelken i ein elles nedkjølt økonomi og trekker med seg heile verdikjeda rundt seg, seier Minne. 


Ei anna næring som skil seg positivt ut, er havvind og straumproduksjon offshore. Bedrifter med omsetning retta mot denne næringa har rapportert godt over snittet i heile 2022, både for resultat- og forventningsindeksen. Dette gjeld også for fjerde kvartal – bedriftene i denne næringa ventar vekst i aktiviteten med ein forventningsindeks på over 60 poeng. 


Byggjer vindturbinar ved Fensfjorden

Wergelandgruppa representerer havvindnæringa. Sjølv om betong har vore berebjelken i selskapet heile vegen, har dei tradisjon for å sjå etter nye moglegheiter og marknadar. Satsinga deira på havvind er eit resultat av målretta arbeid som starta då dei såg dei unike fordelane som kaianlegga og havdjupna i Fensfjorden gav dei.


– Vi byggjer det som kjem til å bli ein av Europa sine største dokkar. Vi er definert som supersite for havvind, og er i stand til å ta ein fullskalaproduksjon, både flytarar og botnfaste. Dette gir store moglegheiter for ringverknader i heile regionen, fastslår Irene Wergeland, CEO i Wergeland.

Irene Wergeland

Irene Wergeland er CEO i Wergeland. Wergelandgruppa er ei av fire nominerte vestlandsbedrifter til Handlekraftprisen. Prisen delast ut på Vestlandskonferansen 14. februar.

Margunn Minne i Sparebanken Vest roser den solide vestlandsbedrifta som har sørga for å ha fleire bein å stå på.


– Wergelandgruppa i Nordhordland er eit eksempel på ei bedrift som våger å satse og gjer det lokalt. Den handlekrafta som dei demonstrerer er akkurat det vi treng no. Det er her på Vestlandet at verdiskapinga i Noreg skjer – det er heilt naudsynt at vi evnar å omstiller oss, seier ho.


Auka straumkostnadar får bedriftene til å ta grep

Ein av drivarane bak den reduserte lønsemda til vestlandsbedriftene er dei høge straumprisane. Sju av ti bedriftsleiarar melder at bedrifta er negativt påverka av straumprisar. Dette får bedriftene til å ta grep. 


– Ein av fem bedriftsleiarar seier at dei samarbeider med kundar og leverandørar for å betre situasjonen. Like mange seier at straumprisane har ført til at dei utvidar til nye marknadar og rettar seg mot nye kundegrupper. Dette er positivt, seier Minne.


Handlekraft er tema for Vestlandskonferansen som Sparebanken Vest arrangerer saman med stiftinga til banken, Agenda Vestlandet.


Følg Vestlandskonferansen her 14. februar. 

Resultat- og forventningsindeks

Kurven til forventningsindeksen, som viser bedriftenes forventninger til de neste seks månedene, peker bratt nedover i 4. kvartal 2022. Selv ikke da pandemien herjet som verst, var bedriftslederne på Vestlandet mer pessimistiske. Resultatindeksen, som viser bedriftenes resultater for kvartalet, er på nivå med koronaåret 2020. 

Forventningsindeks - totalt og enkeltindikatorer
Alle enkeltindikatorer i forventningsindeksen faller – etterspørsel og lønnsomhet faller mest. Dette tyder på at tiltakene som Norges Bank gjør for å motvirke inflasjon har effekt. 
Historisk utvikling av resultat- og forventningsindeks fordelt etter andel omsetning fra olje og gass

For bedrifter med mer enn halve omsetningen knyttet til olje og gass, ligger forventningsindeksen over 60 poeng, noe som er godt over historisk snitt for næringen. Desse bedriftene forventer at aktiviteten vil øke framover. Positiviteten er sterkt drevet av de høye energiprisene og rekordmange nye utbygginger som følge av oljeskattepakken fra 2020. 

Har økte strømpriser ført til at bedriften har eller planlegger å...

Syv av ti bedriftsledere melder at bedriften er negativt påvirket av strømpriser. Dette får bedriftene til å ta grep: en av fem sier at de samarbeider med kunder og leverandører for å bedre situasjonen, og like mange vil utvide til nye markeder og retter seg mot nye kundegrupper.

Frode Nergaard Fjellstad

Ta kontakt med Direktør for tildelinger Frode Nergaard Fjeldstad.                            

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Prognose for fremtida
Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Dei nyaste trendene
Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia

Finn ut meir