Vinterens viktigste læringsarena
Bli med på Women in Tech leiartreningsprogram
Den som pregar teknologien, pregar framtida. Er du kvinne og jobbar med teknologi på Vestlandet? Då kan du få skreddarsydd og inspirerande leiartrening i regi Stiftinga Agenda Vestlandet frå Sparebanken Vest.
Søknadsfristen for årets program er utgått. Følg med neste høst for flere muligheter.
Leiartrening for kvinner i teknologi
Målet for kurset er at du som deltakar skal få fleire verktøy for å styrke dine ferdigheiter når det gjeld strategisk historieforteljing og gjennomslagskraft. Samlingene vil gje deg fagleg påfyll, praktisk trening og eit nettverk av andre, kunnskapsrike teknologar.
Kurset er for kvinner mellom 30-45 år på Vestlandet som jobbar innan teknologi som er, eller har ambisjoner om å vere leiar.
Dette får du som deltakar:
- Individuell coaching av Sarah Cartwright
- Utvida perspektiv på rolla som leiar på teknologifeltet
- Trening på å styrke sin posisjon og si gjennomslagskraft som leiar
- Rom for å reflektere rundt eigen motivasjon og eigne styrkar
- Eit større nettverk av andre, kunnskapsrike kvinner som satsar i teknologibransjen
På Women in Tech får deltakarne relevant kunnskap, ferdigheiter og eit nettverk som vil gjere deira gjennomslagskraft enno sterkare.
Siren Sundland, initiativtaker og styreleiar i Agenda Vestlandet
Kurshaldar Sarah Cartwright
Executive Coach Sarah Cartwright er busett i London, og er ein av dei fremste spesialistane på kultur, kommunikasjon og prestasjon innan teknologifeltet. Sarah leier det 6 månader lange kurset, og deltakarane vil få individuell coaching og rettleiing frå henne undervegs.
Sarah har oppdrag for større selskap over heile verda. Kundelista hennar inkluderer BBC, Louis Vuitton, Nissan, Goldman Sachs, Barclays og Microsoft. Cartwright er ein av grunnleggarane av Verve Women, ein organisasjon som set søkjelys på kvinnelege leiarar innan teknologi.
Kurshaldar Sarah Cartwright er ein av dei fremste på sitt felt.
Kvifor treng vi Women in Tech?
I 2022 gjekk første Women in Tech av stabelen. Les om bakgrunnen for kurset, og kva deltakarane syns.
Praktisk informasjon
Programmet har oppstart i løpet av november, og blir avslutta i juni 2025. Det vert to grupper, med 12 kvinner per gruppe. I søknaden kan du velje kva datoar som passar best for deg.
Oppstart for gruppe 1: 19.-20. november 2024
Inkludert middag etter kursdag 1.
Oppstart for gruppe 2: 25.-26. november 2024
Inkludert middag etter kursdag 1.
Anna:
- Tre fysiske samlingar på Jonsvollskvartalet i Bergen
- Fire digitale samlingar
- Kurset er gratis
- Programmet og coaching vil gå føre seg på engelsk. Du må derfor beherske engelsk for å få utbytte av programmet.
Søknadsfrist:
Årets søknadsfrist er utgått. Følg med neste høst for flere muligheter.
Har du spørsmål om Women in Tech?
Ta kontakt med prosjektleiar Nicole Boge på e-post eller telefon.
Agenda vestlandet
Våre initiativ
Vestlandsmeldinga
Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte
Vestlandsindeksen
Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet
Vestlandskonferansen
Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia