
3 millionar til ny utstilling
– Framtidsscenario har blitt røyndom
Klimaendringane har tatt igjen utstillinga på Norsk bremuseum i Fjærland. I mai opnar ei oppgradert utgåve.
– Formålet med stiftinga og museet er å samle og spreie kunnskap om brear og klima. I den gamle klimautstillinga vår hadde vi nokre framtidsscenario som vi diverre allereie har passert, seier Anne Mundal Skjelten, direktør for Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten.
Klimautstillinga, som er ein av hovudattraksjonane på Bremuseet, opna i 2007, og knappe tjue år seinare er altså framtida allereie her. Opplevingsutstillinga trong ei oppdatering, både teknisk og fagleg, for å halde tritt med utviklinga og forskinga.
Museet har engasjert britiske Sarner Ltd. frå London, ein prisløna utstillingsutviklar som mellom anna har jobba med Disney og Frammuseet på Bygdøy, til oppgraderinga. Storsatsinga opnar 9. mai, og kostar kring 8 millionar kroner. Sparebanken Vest og Agenda Vestlandet bidreg med 3 millionar.
– I mi tid har vi aldri fått ei så stor gåve her, og det er vi veldig stolte og glade for. Det har sjølvsagt noko å seie for å kunne gjennomføre eit så stort, komplekst og kostbart prosjekt som vi er i gang med, seier Skjelten.
Skal fungere på 11 språk
Utstillinga består av seks ulike rom, og tek dei besøkande gjennom jorda si klimahistorie. Fem milliardar år vert komprimert til eit kvarter.
– Det viktige er å formidle oppdatert kunnskap om klimaendringar i fortida, i notida, og kva som kan skje med klima i framtida. Vi har brukt forskingsbasert kunnskap og prøvd å formidle slik at det er forståeleg for folk flest, seier Atle Nesje, styreleiar ved Norsk bremuseum og professor emeritus ved Universitetet i Bergen.

Norsk bremuseum i Fjærland er teikna av sivilarkitekt Sverre Fehn.
Den nye utstillinga er òg enklare å oppdatere. Der ein no måtte fornye store delar samtidig, kan ein framover endre modul for modul etter kvart som oppdatert forsking blir publisert.
Museet får mange besøkjande på gjennomreise i Sogn og Fjordane. I fjor var det kring 80 000 besøkande frå 99 land, og utstillinga er òg tilgjengeleg på 11 ulike språk.
– Vi ønskjer at det vi formidlar skal nå breitt. Det skal vere på eit nivå som sjølv ein 12-åring kan forstå, seier direktør Skjelten.
Engasjerar bredt
Med brelandskapet som næraste nabo, kjem klimaendringane tett på.
– På dei siste 15 åra har breen blitt tynnare og trekt seg meir tilbake. Og det blir litt stusslegare for kvart år, seier Pål Hage Kielland, fagansvarleg leiar på museet.
Han har òg ansvar for å måle breutviklinga, på oppdrag frå Norges vassdrags- og energidirektorat, og er sjølv breførar.

Direktør Anne Mundal Skjelten opnar ei oppgradert utstilling i mai 2025.
Museumsleiinga fortel at det kvart år er besøkjande som nærmast er på gråten etter å ha sett utstillinga. Frode Nergaard Fjeldstad, direktør for tildelingar i Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest, let seg òg røre.
– Dette gjer noko med oss. På Vestlandet merkar vi no dei direkte konsekvensane av klimaendringane. Den oppgraderte utstillinga vil vise alvoret, men òg løysingane. Formidlinga er forskingsbasert og av høg kvalitet, samtidig som Norsk bremuseum når ut til svært mange. Museet er eit godt eksempel på det vi i Agenda Vestlandet arbeidar for: Å vere ein drivkraft i det grøne skiftet, seier Fjeldstad.
Fakta/Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
- Interaktivt museum med formål om å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima.
- Museet blei opna i 1991, og klimautstillinga i 2007.
- Sidan opninga har museet hatt nærare 2 millionar besøkjande.
- Bygget er teikna av sivilarkitekt Sverre Fehn.

Frå venstre: Frode Nergaard Fjeldstad, direktør for tildelingar i stiftinga Agenda Vestlandet, Anne Mundal Skjelten, direktør for Norsk bremuseum, banksjef Jørgen Follevåg Mjelleli og regiondirektør Arild Sandvoll, begge frå Sparebanken Vest, og Atle Nesje, styreleiar for Norsk bremuseum.