Hopp til hovedinnholdet
NMF Teineplukking2

Spøkelsesteiner på havbotn

Fjernar skadeleg fiskeutstyr

Havbotnen langs norskekysten er full av gamle teiner, ruser og garn. Eit pilotprosjekt frå Norges Miljøvernforbund bidreg til å rydde denne alvorlege trusselen mot det biologiske mangfaldet i havet. 

For å stanse det sokalla spøkelsesfisket, har Norges Miljøvernforbund teke på seg oppgåva med å rydde opp. Ved hjelp av ein undervassrobot hentar Miljøvernforbundet opp tapte fiskereiskapar som ligg og fangar dyr unødvendig. 


– Desse reiskapane påfører fisk, krabbe og hummer store lidelsar, ofte over lang tid, seier Ruben Oddekalv, som er leiar i Norges Miljøvernforbund.


Dei brukar Fritidsfiske-appen som eit utgangspunkt og ser kor det er meldt tapt utstyr. 


– Mange veit om problemet med tapte fiskereiskapar på havbotnen, men få gjer noko med det. Vi er takksam for at Miljøvernforbundet har teke på seg ansvaret med å rydde opp, seier Frode Fjeldstad, direktør for tildelingar i Agenda Vestlandet. 


Stiftinga frå Sparebanken Vest, har støtta Norges Miljøvernforbund med 950.000 kroner til eit pilotprosjekt.