Hopp til hovedinnholdet
bu composite_VBI24_1280x960

Vestlandets beste ide

Bærekraftige byggematerialer tok sigeren

Bú Composite imponerte juryen med sine innovative og berekraftige byggematerialar, som til dømes taksteinar. No har dei blitt premiert med ein halv million kroner for å vidareutvikle idéen sin.

Saman med Innovasjonsuken OPP og VIS har Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest, jobba for å finne dei beste og mest nyskapande ideane frå regionen.


– Vi skal vere ei drivkraft for det grøne skiftet og heiar på nye bedrifter som bidreg til å løyse miljøproblem og skaper nye arbeidsplassar, seier Frode Fjeldstad, direktør for tildelingar i Agenda Vestlandet.


– Takk til Agenda Vestlandet for eit fantastisk initiativ, med eit bidrag til bærekraftig verdiskapning her på Vestlandet, seier Elias Haugen, medgründer i Bú Composite.


Haugen meiner dette er ein stor siger både for bedrifta og for framtida til regionen, der berekraftige løysingar blir stadig viktigare.