Hopp til hovedinnholdet
Bergens markante biskop, Jacob Neumann, var en av forkjemperne. Han så tydelig hvor viktig økonomisk selvstendighet var for å få bukt med fattigdom.

ei drivkraft gjennom 200 år

Slik starta sparebank-eventyret

I 1823 gjekk tre tjenestejenter, to kjøpmenn, én matros og 93 andre heilt vanlege folk i vest saman om noko heilt uvanleg: Å skape ein bank som de eigde i fellesskap.

Slik vart Bergens Sparebank, det som i dag heiter Sparebanken Vest, Noregs nest eldste bank.


Energisk biskop

Den markante bergensbiskopen Jacob Neumann var ein av forkjemparane. Han såg tydeleg kor viktig økonomisk sjølvstende var for å få bukt med fattigdomen. 


Neumann var ein aktiv og energisk mann. Han var medlem av Det Nyttige Selskab, ein av dei første frivillige organisasjonane i Noreg, stifta av embetsmenn og borgarar frå overklassen i Bergen. 


Dei ynskte å redusera fattigdommen ved å hjelpa allmugen til å verte anstendige menneske i staden for å skusle bort pengane sine på sprit og anna umoral. Det var ei utbreidd oppfatning i tida at alkoholen var mykje av årsaka til elendet.


I Bergen kunne ein kjøpe brennevin på mange skjenkestadar og av hundrevis av enkeltpersonar som hadde lov å selje – tidleg og seint. Drukkenskapen var utbreidd, men kan hende kunne systematisk sparing motverka sedløyse, lettsinn og fyll?

Biskop Jacob Neumann: Biskopen vart  Bergens Sparebanks første direktørar, frå grunnlegginga i 1823

Ein genial idé

Ein sparebank er organisert som ein sjølveigande institusjon utan eksterne eigarar, til forskjell frå ein forretningsbank. 


Biskop Neumann og vennane hans i Det Nyttige Selskab vart fengsla av dette prinsippet, inspirert av Christiania Sparebank som vart etablert i 1822. 

Dermed starta planlegginga av den nye banken i Bergen. Målet var å få inn relativt små summar av personar av begge kjønn, gjerne frå arbeidarar, tenestekvinner og folk frå «dei simplere classer», som det heitte. 

Dei måtte bidra med minimum 12 skilling kvar, medan banken skulle tilby fire prosent rente til gjengjeld.

Beskjeden start

Opninga fann stad måndag 3. mars 1823, og 98 personar opna konto: 63 menn og 35 kvinner, inkludert matrosen, kjøpmenn og dei tre tenestejentene. 

I byrjinga var den nye sparebanken berre open for publikum to timer kvar måndag, frå klokka tre til fem om ettermiddagen i et rom i Rådstuen. Men ein vart meir offensiv etter kvart. 


Funksjonærar drog på heimebesøk til kundar som budde langt frå Bergen sentrum, og sparebøsser var i flittig bruk, både blant barn og vaksne. Her var det frammøteplikt i banken ein gang i kvartalet for å tømme bøssa og setja pengane inn på kontoen. 

Eigenkapitalen steig jamt og gav banken moglegheit til å låna ut pengar, noko særleg handverkarar og kjøpmenn nytta seg av. Dette vart starten for mange verksemder som elles neppe ville ha sett dagens lys.

Stort samfunnsengasjement

Banken tente godt frå første stund, men det låg i sparebankmodellen at ein skulle føra mykje av pengane attende til samfunnet i form av gåver.

Støtta gjekk blant anna til foreiningar som hjelpte «forvildede børn», «fattige barselskvinner» og «ugifte fruentimmere», men dei aller største summane gjekk til lokale kultur- og vitskapsinstitusjonar.


I dag kan Sparebanken Vest nytta inntil 50 prosent av overskotet til allmennyttige føremål. I dei siste ti åra har dette resultert i meir enn to milliardar kroner i støtte til små og større prosjekt på Vestlandet.

Rivande utvikling

No, 200 år etter starten, er det framleis kundane som eig banken. Det som var et fåtal i 1823, har vakse til 290 000 vestlendingar. På denne måten har Sparebanken Vest vore ei drivkraft for liv og næring i vest, anten det har vore oppgangstider og glade dagar eller krig og smalhans.


Og utviklinga har vore kolossal på alle område: frå to timars opningstid i veka til i dag, med 35 kontor på Vestlandet og nettenester tilgjengeleg døgnet rundt. Vi har gått frå sparebøsser til fondssparing, frå bankbøker og sjekkhefte til mobilbank og vipps.


Sparebankmodellen er 200 år gamal, men samstundes hypermoderne. Fellesskapet står mykje sterkare enn einskildpersonar, og saman kan vi gjere livet på Vestlandet enda litt betre.

hvorfor velge oss?

Vi gir deg litt mer

samfunnsutbytte

Støtte til nærmiljøet ditt

Du bidrar til at vi kan støtte små og store prosjekter der du bor. Slik at livet i vest blir enda litt bedre.

Se hva vi har støttet
Kundeutbytte

Kundeutbytte

Går det bra med oss, deler vi med deg! Kundeutbytte gis til deg med innskudd og lån hos oss.

Les om kundeutbytte
NorgesBesteMobilbank

Norges beste mobilbank

Våre folk jobber hver dag for å finne de beste løsningene for deg - når du er på farten.

Last ned mobilappen