Hopp til hovedinnholdet
hjertebank-sunnfjord-forsidebilde

hjartebank 2024

Hjartebank gav éin million kroner til gode tiltak i Sunnfjord

Gleda var stor då Sparebanken Vest sitt Hjartebank-arrangement delte ut heile éin million kroner til ti ulike lokale prosjekt i Sunnfjord.

Arrangementet, som er ein del av samfunnsansvaret til banken, hadde som mål å støtte tiltak som bidreg til å styrkje lokalmiljøet og skape positiv vekst. Dette var feira med ein stor gratiskonsert for heile familien. 


– Det er mange gode prosjekt i regionen, og det er gledeleg å kunne bidra til at nokon av desse no kan bli realisert, seier banksjef Cathia Lone Caviezel Baarøy.


I forkant av arrangementet fekk ein inn heile 58 søknader til Hjartebank. Juryen, som bestod av lokale eldsjeler, hadde ein krevjande jobb med å velje ut dei 10 vinnarane.


Uvurderleg støtte

Blant vinnarane var Norske Redningshunder Sogn og Fjordane, som fekk støtte til å utdanne fleire redningshund-ekvipasjer. Organisasjonen er avgjerande i søk og redningsarbeid ved å bruke hundar til å finne sakna personar, både i skog og fjell. 


– Frå perspektivet mitt er det å få lov til å bruke hunden også til noko samfunnsnyttig veldig fint. Viss hunden min kan vere forskjellen på liv og død, er jo dette utruleg givande, seier Helene Sætersdal. 


Helene har vore frivillig i Norske Redningshunder sidan 1999, og er i dag leiar i distriktet. Ho fortel at dei frivillige ekvipasjane hjelper omkring 20-30 oppdrag i året. 


– Noreg er bygd på frivilligheit, og den frivillige redningstenesta. For dei som er uheldig, betyr det alt å bli funne. Nasa til hunden er fantastisk, og vi kan løyse oppdrag kjapt om vi er heldige og forholda er på vår side, fortel ho. 

hjertebank-sunnfjord-norske-redningshunder

JUBEL: Norske Redningshunder Sogn og Fjordane fekk 135.000 kronar til utdanning og nødvendig utstyr.

Tildelinga på 135.000 kroner skal brukast til utdanning av nye ekvipasjar, men også vidareutdanning av dei som allereie er med. Dei vil bruke midlane til å skaffe nødvendig utstyr som gjer at dei kan halde fram det viktige arbeidet sitt i regionen. 


– Alle som er med er frivillige, og mykje går i dag frå eiga lomme. Med denne støtta kan vi sørgje for at ekvipasjane i området kan delta på kurs og øvingar, i tillegg til nødvendig utstyr, seier ho. 


– Dette er ei uvurderleg støtte til oss, og sånne gåver betyr utruleg mykje!


Hyller frivilligheita

Viksdalen Nærmiljøråd, kjent for engasjementet sitt for lokalmiljøet, fekk støtte på 120.000 kroner til prosjektet sitt "Draumedugnaden". Nærmiljørådet jobbar aktivt for å betre livskvaliteten i bygda og auke folketalet gjennom ulike lokale initiativ. 


– I nærmiljøet vårt er det alltid eit dugnadsprosjekt gåande. Derfor har vi lyst å gjere ekstra stas på den frivillige innsatsen som vert lagd ned. Det er mange fritidsarenaer som ikkje hadde eksistert utan frivillig innsats, seier Torgeir Timenes Bell i Viksdalen Nærmiljøråd. 


Nærmiljørådet skal no invitere bygda til ei arbeidsøkt på nytt kontorfellesskap heilt utanom det vanlege – som dei kallar Draumedugnaden. Etter enda dugnadsarbeid skal dei hylle dei frivillige med ei feiring. 


– Vi vil heidre bygdefolket! Mange av dei lokale legg ned mykje innsats utover arbeidstid. Planen er ei arbeidsøkt der vi feirar oss sjølv, forklarer Torgeir.

hjertebank-sunnfjord-viksdalen

DRAUMEDUGNAD: Viksdalen Nærmiljøråd inviterar til ein draumedugnad for å feire frivilligheita.

Eit samlingspunkt

Sjølve dugnaden har som mål om å byggje eit nytt kontorfellesskap i bygda. Her er det 10 kontorplassar der halvparten er leid ut til bedrifter i områda rundt Viksdalen, men som også kan brukast av pendlarar og alternativ til heimekontor. 


– Vi vil skape eit kollegium på tvers av bedrifter og sektorar. På sikt har vi ein ambisjon om at bygget blir eit samlingspunkt som er tilgjengeleg for alle, seier Torgeir. 


Prosjektet har som mål å skape eit endå betre samfunn for både fastbuande og tilreisande, slik at det skal vere attraktivt å bu i området. 


– Alt vi gjer har som hovudmålsetjing å gjere Viksdalen til ein plass å flytte til – og bli verande. Her skal du ha høg livskvalitet. Du har ikkje det same tenestetilbodet som i større byar, men du skal ha eit tilbod du er fornøgd med og som du kan vere med å påverke, seier Torgeir. 


Planen no er at kontorfellesskapet skal vere klart i løpet av våren.


Sjekk ut stemningen fra Hjertebank i Førde i videoen under:

Desse har også fått støtte

Folkeakademiet Førde med prosjektet "Lyarscena" ut i distriktet fekk 30 000: Folkeakademiet i Førde er eit nystarta lokallag som har tatt på seg oppgåva å få kulturen ut til folket. Dei vil tilby «Lyarscena», som er ein konsertserie produsert av og med distriktsmusikarane i Sunnfjord, til eit større publikum og til fleire kulturscener i regionen.


Norsk Forbund for Utviklingshemma, Sunnfjord (NFU) med prosjektet Danseaktivitet for utviklingshemma fekk 55 000: Norsk forbund for utviklingshemma i Sunnfjord har eit stort engasjement for å skape aktivitet for ungdom og vaksne med utviklingshemming. Dei leiger inn danseinstruktørar som skal bidra til fysisk aktivitet og skaper med dette ein viktig sosial møteplass to gonger i månaden.


Helle og Vårdal Bygdelag med prosjektet Bygde Kultur, Trivsel og samhald fekk 80 000: Helle og Vårdal Bygdelag skapar trivsel i sitt nærområdet gjennom ei rekke ulike arrangement gjennom heile året. Bygdelaget ynskjer no å pusse opp huset for å kunne tilby fleire ulike kulturarrangement for sine sambygdingar og spesielt for dei eldre i bygda.


Høyanger Røde Kors med prosjektet Hjulbåre fekk 80 000: Høyanger Røde Kors Hjelpekorps tek på seg omfattande dugnadsprosjekt gjennom heile året, til glede for mange. I tillegg bistår hjelpekorpsa årleg politi og Helse Førde ved fleire høve. Dei ønsker no å kjøpe inn to bårer med hjul som skal gjere redningsoppdrag i ulent terreng lettare å gjennomføre.


Jølster IL Alpin med prosjektet Skileik og skimeistring fekk 95 000: Jølster IL Alpin har fokus på breidde, rekruttering, skiskule og skileik. No ynskjer dei å la enda fleire unge få oppleve gleda med å stå på ski. Senteret ynskjer å kurse fleire instruktørar, samt å tilby gratis barneheis og gratis utlån av utstyr i bakken til dei som treng det, slik at fleire barn og unge kan komme og prøve utan at det kostar noko.


Høyanger Ungdomslag med prosjektet Valhall restaurering av skifertak fekk 135 000: Ungdomshuset Valhall i Høyanger blei bygd i 1922, og blei dekorert med store veggmaleri av teatermålar Rudolf Krogh. For å sikre måleria og bygget er det no behov for å restaurere skifertaket på bygget.

 

Vener av Nilsbua med prosjektet Innlagt vatn i kystkulturminnet Nilsbua fekk 135 000: Nilsbua vart redda frå totalt forfall i 2016. Då starta Ove Losnegård med ei storstila restaurering av denne historiske bua i Hellevik i Fjaler. Siftinga bak Nilsbua har ein draum om å forvandle Nilsbua til ein unik kulturarena. Det er dei i ferd med å klare!


Sunnfjord Skisenter AS med prosjektet Betre servicetilbud og fasilitetar til våre brukarar fekk 135 000: Sunnfjord Skisenter satsar på barn og unge, leik og moro. No ynskjer dei å betre servicetilbodet og fasilitetane i anlegget til sine besøkande. Tidens tann har satt sitt preg på bygga og i 2022 vart senteret også råka av ein brann. Før komande sesong ynskjer dei å få på plass nytt servicebygg og våren 2025 vil dugnadsgjengen også starte arbeidet med å bygge tak og verandaer til servicebygget.