Hopp til hovedinnholdet
voss-skateklubb-forsidebilde

hjartebank 2024

Høg stemning på Voss

Det var høg stemning då Hjartebank-turneen inntok Voss. I tillegg ein storslagen konsert, vart det delt ut éin million kroner til hjartesaker som gjer regionen til ein endå betre stad å bu. No blir det både ny innandørs skateklubb, og nye aktivitetar for ungdom på Voss. 

– Er de klare? spurde banksjef Magnus Tveit til stor jubel frå publikum i Voss Idrettshall. 


Konsertturneen Hjartebank feirar frivilligheita og alle som bidreg til å skape gode lokalmiljø på Vestlandet. På arrangementet på Voss var det ti prosjekt som fekk støtte til prosjekta sine. 


Juryen, som bestod av eksterne eldsjeler frå regionen, har vurdert mange sterke kandidatar, men kunne til slutt velje ut nokre få som får høve til å realisere sine idéar.


Skateboard heile året

Voss Skateklubb var blant mottakarane og fekk 100.000 kroner i støtte til å oppgradere sin innandørs skatehall. Dette skal gjere hallen tryggare og meir brukarvennleg slik at han kan brukast året rundt. 


– Innandørshallen skal fylle eit tomrom når ein ikkje lenger kan skate utandørs, seier initiativtakar Stefan Palmqvist. 


Han er ein av fleire som starta skateklubb på Voss då den utandørs betongparken vart ferdig for litt over eit år sidan. 


– Etter at betongparken kom på plass, har han vorte flittig brukt av både vaksne og barn. Nye skatarar har byrja og gamle skatarar har teke det opp på nytt, fortel Stefan.

voss-skateklubb

BETYR MYKJE: Med oppgradert innandørshall kan små og store drive med skateboard året rundt.

Med støtta frå banken vil klubben no sikre veggar, golv og oppgradere skateelement innandørs. Prosjektet vil gi ungdom og andre i lokalmiljøet eit betre tilbod for fysisk aktivitet og sosialt samvær utanfor dei organiserte aktivitetane.


– Dette er eit uorganisert tilbod. Ikkje alle passar i organisert idrett, så vi ønskjer å skape eit inkluderande og kjekt miljø, seier han og legg til: 


– Støtta betyr veldig mykje! Det er ein liten draum som går i oppfylling! Eldsjeler kan gjere mykje, men utan støtte er det vanskeleg å gjennomføre. Begge partar trengst for å komme i mål, og det er kjekt å bli sett, oppfatta og støtta!


Bucketlist frå DNT Ung

Blant prosjekta som fekk støtte var DNT Ung konseptet «Bucketlist». Det vart lansert i vår, og responsen har vore fantastisk. Gjennom sommaren har nærare 300 ungdommar delteke på gratis aktivitetar i nærnaturen rundt Voss.


– Vi hadde få aktivitetar for ungdom, og ville derfor prøve oss på eit sjølvgåande konsept som dei kunne gjere på eigehand. Saman med ungdommane utvikla vi konseptet «Bucketlist», seier Margrethe Alm i DNT Voss.


Aktivitetane kan gjennomførast aleine, med venner eller familie, og initiativet har som mål å aktivisere ungdom uavhengig av status eller økonomi. 


– Vi innsåg at vi kanskje ser for snevert på kva friluftsliv er, og ønska å utvide omgrepet. Ungdommane må få vere med å definere friluftslivet sjølv, forklarer Margrethe.


Dei gjennomførte aktivitetane blir registrerte i ein app, og alle som deltek blir med i trekkinga av gjeve premiar. Dei aller fleste av premiane har dei fått finansiert frå ulike verksemder i området.

voss-utferdslag-dnt

JUBEL: DNTs utferdslag på Voss fekk 125 000 kroner til vidareføring av konseptet  «Bucketlist»- 

125 000 kroner til vidareføring

Konseptet skal bidra til at ungdom får tilknyting til naturen og friluftslivet. DNT Ung ønskjer også å nå ut til ungdom som kanskje fell utanfor tradisjonelle idrettar. 


– Prosjektet gjer ein uformell arena der aktivitet skjer på ungdommen sine eigne premissar. Vi har tre førande prinsipp for prosjektet: Det skal vere lågterskel, det skal ikkje koste noko og viss du treng utstyr skal det vere mogleg å låne utstyret, seier ho.


Under Hjartebank på Voss fekk prosjektet 125.000 kroner til vidareføring og utvikling av konseptet. 


– Denne støtta betyr utruleg mykje! No kan vi både føre vidare og vidareutvikle prosjektet. Vi skal sjå på kva som fungerte og kva vi kan forbetre, seier Margrethe, og legg til at dei vurderar å utvide konseptet til andre årstider.


Responsen har vore overveldande, både frå ungdommane sjølv og frå føresette. Også andre aktørar har lagt merke til prosjektet. 


– Vi har fått telefonar frå ulike plassar i landet som har fått nyss i prosjektet, og vist interesse for korleis det har gått til, seier Margrethe.


Sjekk ut stemningen fra Hjertebank på Voss i videoen under:

Desse har også fått støtte 

Voss Spelemannslag med prosjektet Folkedans for unge fekk 50 000: Laget har gratis tilbod i folkedans for born og ungdom. Det er øving kvar veke med lokale og nasjonale instruktørar i pardans og halling. Miljøet er i vekst, og dei ynskjer å få fleire med seg på juniorsatsinga si. Laget har planlagt å reise rundt på ungdomskulen og vidaregåande skular på Voss for å lære bort folkedans, i tillegg har dei eit satsingsprosjekt med song i barneskulane på Voss. Laget brenn for å ivareta folkedans og -musikktradisjonane, og skapa glede og samhald i laget.

Granvin IL med prosjektet Inkludering, alle skal med fekk 50 000: Skigruppa til Granvin IL har eit sterkt ynskje om å styrkje tilbodet sitt til barn og unge i lokalsamfunnet. Ved å innføre kvelds i samband med treninga, samt tilbod om å låne skiutstyr, legg dei til rette for sosial samling og fellesskap på tvers av aldersgrupper, noko som styrkjer samhaldet og fellesskapskjensla i bygda.


Eidfjord IL med prosjektet Inkluderingstur fekk 70 000:

Eidfjord IL har dei siste åra arrangert ein avslutningstur for fotballgruppa i bygda. Tilbodet har blitt utvida til samarbeid med nabobygda, i tillegg til å inkludere Ukrainske flyktningar, samt andre ungdommar som ikkje er ein del av fotballen. Hjartebankjuryen er glade for å kunne sende 100 born og unge med foreldre på Brannkamp i Bergen 9. november.


Vaksdal Frivilligsentral med Matkasse og julegåveaksjon 2024 fekk 75 000: Matkasse- og julegåveaksjonen i Vaksdal er eit viktig tiltak som sørgjer for at familiar og einslege som treng det, får matkasser og julegåver i ei vanskeleg tid. Dei siste to åra har det vore eit samarbeid med Tverrfaglig helse, NAV og flyktningetenesta for å kartleggje behov, og behovet har vist seg å vere stort. Dette tiltaket bidrar til å gje menneske i ein krevjande situasjon ei betre julehøgtid og skapar samhald og omsorg i lokalsamfunnet.


Voss demensforening med prosjektet Demenskoret fekk 80 000: Det finst 460 personar med demenssjukdom i Voss herad og antallet vil auke med åra. I samarbeid med Voss røde kors vil ein gje eit aktivitetstilbod til heimebuande med demens. Desse personane har ofte ein tendens til å isolera seg, men gjennom tilrettelegging kan ein skapa tryggleik, inkludering og auka livskvalitet for desse menneska. Dette er eit viktig samfunnsbidrag som vil opna dører for meir sosial deltaking.


Foreninga Heidrafest fekk 100 000: Ein dugnadsbasert festival der arrangørar og utøvarar jobbar 100% gratis. Heidrafest brenn for å skapa eit miljø som musikkglad ungdom kan kjenna seg heime i. Dei tilbyr eit fullt utstyrt øvingslokale på Voss for desse, heilt gratis, og skipar til festivalen Heidrafest der jamvel unge som vaksne kan ha ei proff scene å stå på, til glede for utøvarar og publikum.


Voss Ski og Tursenter med prosjektet Discgolf fekk 175 000: Voss Ski og Tursenter får midlar til å byggje ein discgolf-bane i eksisterande område for langrennskross. Dette er eit viktig tiltak for å få opp aktiviteten på sommaren, og er ein aktivitet for alle aldersgrupper. Ved å få på plass dette vil ein auke tilbodet om lågterskelsaktivitetar på Voss.


Ulvik IL med prosjektet Drevtjørn heile året fekk 175 000: Ulvik IL har over 1/3 av innbyggjarane som medlemmar, og er ei viktig bærebjelke i lokalsamfunnet. Dei har i fleire år jobba med å utvikle eit idrettsanlegg som skal vera for alle aldersgrupper, uavhengig av fysisk form, og at det skal vera eit gratis tilbod heile året. Med det siste tilskotet som er eit fast dekke, vert anlegget no tilgjengeleg med rullator, på sykkel og ein kan gå tørrskodd.