samfunnsansvar
Sparebanken Vest støttar VM i vektløfting 2025
Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest støttar VM i vektløfting 2025. – Eit stort løft og historisk meisterskap for heile regionen.
VM i vektløfting er eit historisk arrangement som ikkje berre set Norge på det internasjonale idrettskartet, men og framhevar betydninga av regionalt samarbeid og samfunnsansvar.
Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest går saman inn som hovudsamarbeidspartnar for VM 2025, og begge bankane understrekar at dette er ei viktig investering i frivilligheit, fellesskap og verdiskaping i regionen.
Fokus på folkehelse i skuleprosjekt
– Å kunne støtte eit meisterskap av denne storleik og betydning er noko vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er svært stolte av. VM i vektløfting 2025 vil ikkje berre samle verdas beste idrettsutøvarar, men også setje eit viktig fokus på regionen vår og våre felles verdiar, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Sparebanken Vest deler entusiasmen for samarbeidet kring meisterskapen og betydninga for lokalsamfunnet.
– Vår felles støtte til VM i vektløfting handlar om meir enn berre idrett. Vi er særleg oppteken av initiativa som VM i vektløfting 2025 har for å betre folkehelsa og livskvalitet blant dei unge gjennom skuleprosjektet, seier Jørgen Follevåg Mjelleli, plassjef i Sogn og Fjordane i Sparebanken Vest.
– Stor lokal verdiskaping
Frivilligheit saman med lokal verdiskaping og næringsutvikling, er ein viktig del av store arrangement. VM i vektløfting 2025 er ikkje noko unntak, noko dei to sparebankane og legg stor vekt på.
– I tillegg til det sportslege er VM 2025 også viktig næringsutvikling, som bidreg til stor lokal verdiskaping i heile regionen. Arrangøren sitt fokus på kjøp av lokale tenester er svært viktig, understrekar Mjelleli.
– Og ikkje minst får vi vist fram den sterke kulturen vår for frivilligheit og samarbeid, vi gler oss veldig til å saman vere ein del av VM-laget i 2025, avsluttar Moldestad.
VM i vektløfting 2025 er eit av dei største internasjonale idrettsarrangementa som har vore i Norge nokon gong, og det er det første meisterskapet i ein olympisk idrett som vert arrangert i Sogn og Fjordane.
– Saman skapar vi noko historisk
– Dette er ein stor augneblink for norsk idrett, og vi er utruleg takknemlege for støtta frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Med deira felles løft, entusiasme og økonomiske bidrag kan vi sikre at VM i vektløfting 2025 blir ein suksess for både utøvarane og regionen. Saman skapar vi noko historisk, som vil få betydning langt utover idrettskonkurransen, seier Stian Grimseth, dagleg leiar for arrangørkomiteen i VM 2025 og tidlegare vektløftar i verdstoppen.
Med sitt samfunnsengasjement og lokale forankring, understrekar Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest gjennom sitt samarbeid og felles løft mot VM i vektløfting i Førde i 2025, den store betydninga slike arrangement har for heile regionen.