Hopp til hovedinnholdet

ei drivkraft i vest gjennom 200 år

Sparebanken Vest 200 år

Gjennom 200 år har vi stått saman for at livet i Vest skal bli endå litt betre.


Få eit innblikk i vår felles historie - og det som har drive oss.

Drivkraft gjennom 200 år

Sparebankmodellen: Ein genial idè

I mars 1823 gjekk tre tenestejenter, to kjøpmenn, éi matros og 93 andre vestlendingar saman om noko heilt uvanleg: Å skape ein bank som dei eigde i fellesskap.

Grunnleggar Biskop Neumann

Bankens første direktør

Ein av dei som greip ideen om ein bank for alle sosiale lag var biskop Jacob Neumann. Han meinte at Sparebanken ville motverke usedelighet, lettsinn og fyll. Biskopen vart ein av Bergens Sparebanks første direktørar, frå grunnlegginga i 1823.

Dei gode sparevanane

Frå sparebøsser til fondssparing

Korleis skulle ein lære folk gode sparevanar når banken berre var open to timar kvar måndag? Løysinga vart sparebøssa! Spolar vi 200 år fram sparer dei aller færraste i sparebøsse. No er det fondssparing og kontosparing som lærer gode sparevanar.

Drivkraft gjennom 200 år

Frå bankbok til mobilbank

Den eldste bankboka til banken tilhøyrde tenestedrengen Jacob Monsen Wiik i 1851. Etter fire år med sparing hadde han 50 spesidalar, tilsvarande to årslønner. I dag har vi gått frå bankbok til mobilbank. Vi er kanskje 200 år gammal, men tenestene våre er heldigvis av nyaste sort.

Alt vi gjer, gjer vi for at livet i vest skal bli enda litt betre.

trompet jente

Ein bank med hjarte for deg og vestlandet

Bli med å gjere ein forskjell

Sjå korleis vi støttar gode initiativ og prosjekt på Vestlandet.